Menyen på Billingen: godt og heimelaga
På Billingen Seterpensjonat kan du både ete og kjøpe med deg lokalprodusert mat frå garden vår, Stensgård, eller frå gode kollegaer i Gudbrandsdalsmat. Mat laga med hender og hjarte.

Arnstein er ivrig jeger, og vilt frå området står alltid på menyen.
Menyen på dagtid – godt og heimelaga
På dagtid serverer vi kjøtkaker laga av eigne charolaise kjøtfe, heimelaga elgkarbonadar, spekemat, store og skikkeleg gode vafler, smørbrød, og ulike smårettar.
Vi har skjenkeløyve med alle rettigheitar og tilbyr gjerne lokalt øl eller ein god norsk akevitt.

Kveldsmenyen – godt og heimelaga med litt ekstra
I hovudsesongen kan du nyte ein eigen kveldsmeny med fleire rettar.
Kva vi har på menyen endrar seg gjerne kvar dag – alt etter kva råvarer som er i sesong, og kva vi har tilgang til av godt og lokalt.
Vi lagar også fleire rettars middag på bestilling, og set gjerne saman ein meny etter dine ynskje når du legg selskapet ditt til oss på Billingen.

Den nakne kroppen ynskjer klær,
Jan-Magnus Bruheim
den svoltne å bli metta.
Men um vi meir enn nøgdi fær,
blir hugen aldri stetta.