Vertskapet på Billingen
Heile familien er i sving for at du skal få eit triveleg opphald når du kjem til Billingen Seterpensjonat.
Billingen Seterpensjonat er ei familiebedrift som blir drive av ekteparet Marianne og Arnstein og døtrene Oda, Brita og Synne.
Espen, kjæresten til Brita, er også med når han har tid og det same med mormor Anne Lise.
Heile gjengen har bidrege til at pensjonatet vart bygd og vore med i drifta når det passar.
Brita har tatt fagbrev som kokk, og har hovudansvaret for maten som blir servert.
Familien driv også garden Stensgård. Her er det ammekuproduksjon på rasa Charolais.
Mykje av kjøttet blir nytta i serveringa og til produksjon av spekemat.
Fleire i gjengen er ivrige jegerar og likar å jakte. Det blir jakta på elg, hjort og rein, og kjøtet blir foredla og hamnar på tallerkenen på Billingen.
Om hausten er det med andre ord travle tider med matauk. Begrepet frå jord til bord høver vel godt på Billingen.