Unik overnatting i naturskjøne omgjevnader

Er du på leit etter overnatting i Skjåk? Billingen Seterpensjonat ligg lugumt til for vegfarande langs RV 15, og tilbyr unik overnatting i heilt spesielle omgjevnader.

Billingen Seterpensjonat er ikkje for deg som vil ha boblebad og minibar på rommet. Billingen er for deg som set pris på å ha det skikkeleg triveleg. Deg som er på leit etter ein heilt spesiell overnattingstad. Deg som ynskjer ei eventyrleg ro under opphaldet ditt.

Billingen seterpensjonat om sommeren
På leit etter ein skikkeleg triveleg og spesiell overnattingsstad? Da kan det kanskje freiste med omgjevnader som dette?

Trappa opp til romma er den same som har vore i huset til alle tider. Ho er både gamal, knirkar, er bratt og sjarmerande. Med handlist på båe sider kjem ein trygt både opp og ned.

lyst dobbeltrom med to senger og tømmervegger
Triveleg og unik overnatting i dobbeltrom med sjel.
triveleg overnatting i skjåk
Unik overnatting for deg som set pris på eventyrleg ro.

Vi har åtte dobbeltrom. Fire rom med utsikt mot elva og fire dobbeltsom som vender innover.

Da vi restaurerte huset la vi i to ekstra kvarv med stokkar for å få høgare taket. Det er framleis skråtak, så pass hovudet.

Det er handvask på kvart av romma.

På gangen har vi to trivelege bad – begge med dusj og toalett.

Under restaureringa av Billingen hadde vi fokus på å behalde det opprinnelege og sjelfulle – noko som du kan sjå på bada på seterpensjonatet vårt.

bad på overnattingsstedet billingen
Det er to felles bad – i tillegg til handvask på kvart rom.

Prisar på overnatting:

Sjå bookingside

Frukost er inkludert i alle prisar.

Bestill overnatting på Billingen Seterpensjonat


Små hender ligg knepte på bringa,
så seier eg alle god natt.
Sviv mellom små englar i draumeland
til morgonen vekkjer meg att.

JAN-MAGNUS BRUHEIM