Dobbeltrom med utsikt til elva

Vi har fire rom med utsikt til den vakre elva. Det er to senger på kvart av romma.

Trappa opp til romma, er den same som har vore i huset til alle tider. Ho er både gamal, knirkar, er bratt og sjarmerande. Med handlist på båe sider kjem ein trygt både opp og ned.

lyst dobbeltrom med to senger og tømmervegger

Da vi restaurerte huset la vi i to ekstra kvarv med stokkar for å få høgare taket. Det er framleis skråtak i dette rommet, så pass hovudet ditt.

Det er handvask på kvart rom og to bad med dusj og toalett på gangen.

triveleg overnatting i skjåk
Triveleg og unik overnatting i dobbeltrom med sjel.
håndvask på rom
Alle rom har håndvask

Det er handvask på kvart rom og to bad med dusj og toalett på gangen.

Prisar 2022: kr. 1 690,-/natt. Frukost er inkludert.

Har du lyst på eit triveleg opphald på ein overnattingsstad i eventyrlege omgjevnader i unik Skjåk-natur?

Bestill dobbeltrom med utsikt til elva


Den nakne kroppen ynskjer klær,
den svoltne å bli metta.
Men um vi meir enn nøgdi fær,
blir hugen aldri stetta.

Jan-Magnus Bruheim