Billingen | Stensgård
Booking
Meny
Om StensgårdCharolaise Billingen Stensgård Booking

Garden ligger i Skjåk kommune med utsikt over bygda med vakre velstelte gardar på båe sider av dalen og med Otta elva rennande midt etter.

Stensgård er ein gamal gard med fleire fine gamle hus. Det eldste er freda og er frå slutten av 1500 talet. Dette er eit våningshus der historia sit godt i veggane. Her tek vi imot private lag om du ønskjer ei heilt spesiell og autentisk  ramme rundt arrangementet ditt. Setra til garden ligg heilt øvst på den vakre seterstulen på Billingen. Gardsdrifta består av ammekuproduksjon med rasen Charolaise og sau.

Charolaise

Charolais er blant verdas eldste kjøttferaser. Det er funne stamtavler for rasen som er datert heilt attende til i år 878. Rasen har namnet sitt frå byen Charolies, som ligg i den sentrale delen av Frankrike. I dette området vart rasen avlet frem som trekkdyr, noko som har resultert i at rasen er stor og svært muskelsatt, spesielt i rygg og lår. Dei fyrste dyra kom til Noreg tidlig på 60-tallet. Rasen sine kjøttproduksjonseigenskapar og gode gemytt har gjort den svært populær blant norske kjøttprodusentar. Charolais er i dag ein av de dominerande kjøttrasane i Noreg, som i Frankrike.

Kuflokken i Stensgård er ute på beite store delar av året, men på den kaldaste og hardaste vinteren er dei inne i fjøset. Dette gjer det enklare å stelle godt klauver og pels og dyra kan bli fôra individuelt. Det er kalving tidlig på våren, slik at de får en god start inne og blir prega på folk, før dei slepp ut til ein lang beite sesong.

Dyra blir slakta på Nortura på Otta og blir mørna, delt og pakka hjå Breheimen Mat i Skjåk. Skrottane blir delt inn i biffstykkar og resten går til spekepølseproduksjon. Breheimen Mat er næraste nabo til Stensgård og vi er heldige å få vere med på hele prosessen. Kjøttet blir for det meste omsett gjennom Gudbrandsdalsmat, eller direkte frå garden eller Billingen Seterpensjonat.

Booking

Vi har åtte dobbeltrom, der eit av dei har plass til fire personar (to på sovesofa). Vi har gode senger med behagelege madrasser.

For booking kontakt oss på:
stensgaa@online.no

Innsjekkingsdato

Utsjekkingsdato