Billingen | Stensgård
Booking
Meny
HeimOm ossServeringOvernattingKontakt Billingen Stensgård Booking

Frå jord til bord. Opplev ein smak av Skjåk og Gudbrandsdalen laga med hender og hjarte.

På Billingen Seterpensjonat kan du både ete og kjøpe med deg lokalprodusert mat frå garden vår, Stensgård, eller frå gode kollegaer i Gudbrandsdalsmat. Mat laga med hender og hjarte. Arnstein er ivrig jeger og vilt frå området står alltid på menyen. Opplev ein smak av Skjåk og Gudbrandsdalen laga med hender og hjarte.

Vi serverer kjøtkaker laga av eigne charolaise kjøtfe, heimelaga elgkarbonadar, spekemat, store vafler, smørbrød, div. smårettar, eller fleire rettars middag på bestilling. Vi har skjenkeløyve med alle rettigheitar og tilbyr gjerne lokalt øl eller ein god norsk akevitt.

 “

Det fins ingen kjærlighet meroppriktig enn kjærligheten til mat.

GEORGE BERNARD SHAW

Booking

Vi har åtte dobbeltrom, der eit av dei har plass til fire personar (to på sovesofa). Vi har gode senger med behagelege madrasser.

For booking kontakt oss på:
stensgaa@online.no

Innsjekkingsdato

Utsjekkingsdato