Billingen | Stensgård
Booking
Meny
HeimOm ossServeringOvernattingKontakt Billingen Stensgård Booking

Ligg vakkert til, byr på god heimelaga mat, lun atmosfære og rik kulturhistorie.

Historikk

 

Plassen er ein naturleg stoppestad for vegfarande og eit flott utgangspunkt for fjellturar. Seterstulen er av dei eldste seterstulane i bygda, og i 1920 opna Billingen seterysteri på staden der pensjonatet står i dag. Dette var eit felles ysteri for setrene ikring. Marianne sine oldeforeldre var med å fekk igang dette. Det var kafedrift i tillegg til ysteri og vegfarande kunne kjøpe både smør, rømmekolle og geitost. Etter krigen vart det slutt på ystinga, men kafedrifta heldt fram. Fyrst på 50-talet tok også dette slutt og huset vart fløtt til Hamsevika ved Grotli og nytta som slakteri for TRIO tamreinlag. Besteforeldra til Marianne, fekk ta over den vesle hytta som vart nytta til ostelager.

Marianne arva den vesle ystbua og draumen om å skapa noko på denne staden kunne realiserast. Både Arnstein og Marianne er opptekne av å ta vare på gamle tømmerhus. Det er fleire gamle hus heime på garden som har vore gjennom ei restaurering. Bygningen er eit gamalt våningshus frå Skjåk frå 1800 talet, som er flytta opp frå bygda. Her er det blanda både gamalt og nytt med røffe tømmerveggar attåt kvit panel og gamle møblar frå rundt 1900 talet. På veggane heng svart- kvitt bilder frå Skjåk historielag sitt arkiv, frå den gongen det var seterysteri her.

Eventyrlige Billingen

 

Med elva Tora brusande forbi ligg pensjonatet og kafeen som eit eventyrleg pusterom, berre eit steinkast frå rv 15. På Billingen Seterpensjonat er kultur-, mat – og naturopplevingane mange – og stuttreiste. Inne får du heimelaga lokalmat, seterhistorie, gjestfrihet og tømmerveggar med sjel. Rett utanfor dørstokken freistar poetisk vandring på naturskjøne Diktarstigen, stigen som er ein hyllest til lyrikaren Jan Magnus Bruheim med tavlar som inneheld utdrag frå diktinga hass. Dette kan vere ei filosofisk vandring, der ein kan ta seg tid til å reflektere over dei store og små tinga i livet.

Fakta

 

  • Billingen seterpensjonat ligger i Skjåk kommune, rett ved rv 15 og elva Tora, 47 km vest for Lom.
  • Åpnet offisielt dørene 1. juli 2015. Drives av ekteparet Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdingren fra Skjåk.
  • Billingen har overnatting (18 sengeplasser), kafédrift og middagsservering. Seterpensjonatet tar også på seg bedriftsarrangementer og private lag.
  • Opprinnelig sto det et seterysteri, åpnet i 1920, på stedet. Dette ble det slutt på i 1953, da ysteribygningen ble tatt ned og flyttet til Grotli.
  • Innfallsport til nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.
  • Innfallsport til naturreservata Einstullie og Hondsrøve.

Booking

Vi har åtte dobbeltrom, der eit av dei har plass til fire personar (to på sovesofa). Vi har gode senger med behagelege madrasser.

For booking kontakt oss på:
stensgaa@online.no

Innsjekkingsdato

Utsjekkingsdato